Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Kongepokal til Øystein Nygård 2007

Øystein Nygård frå Tolgen skyttarlag vann sin første Kongepokal på NM skifeltskyting 2007 i Hornindal. Bjarne Valås frå HV-12/Malvik vann sprinten. Anna Kirsten Hellevang (kvinner senior) frå Omvikdalen og Jens Einar Aaland (menn eldre junior) frå Rand vart Norgesmeistrar både på Normalprogrammet og sprinten i sine respektive klassar.

18.mars.2007 Etter at arrangøren måtte annullere deler av laurdagens konkurranse på grunn av særs dårlege vértilhøve, fekk vi ein fantastisk dag søndag, der både normalprogram for Kongepokalklassane (menn eldre junior og senior) og sprint for alle klassane vart avvikla.

 

Øystein Nygård vann Kongepokalen etter eit godt gjennomført løp, med 29 treff av 30 mulege. Øystein har i mange år vore ein av dei mest habile skifeltskyttarane i landet, og sikra seg pokalen 40 år etter at faren Egil Nygård gjekk til topps. Øystein var 44 sekund føre Johannes Linnerud frå Løiten, medan bronsemedaljen gjekk til Ole Arnt Trodal frå Bæverdalen.

 

Anna Kirsten Hellevang frå Omvikdalen vart Norgesmeister i dameklassa, medan Jens Einar Aaland frå Rand vart vinnar i klasse Eldre junior. 

 

På sprinten vart Bjarne Valvik frå Malvik Norgesmeister. Hermann Erdal frå Førde sikra seg sølvmedalje og Roger Lillestøl frå Hornindal bronsemedalje.

Anna Kirsten Hellevang frå Omvikdalen og Jens Einar Aaland frå Rand sikra seg to nye gullmedaljer i sine respektive klasser. 

 

Sjølv om menn junior- og seniorløparar fekk to konkurransar same dag, var det berre gode tilbakemeldingar frå løparane på avgjerdsla om å annullere laurdagens konkurranse for dei som gjekk om Kongepokalen. På søndag fekk vi kåra ein verdig Kongepokalvinnar under gode skyte- og løypetilhøve, med ei flott ramme rundt arrangementet.



Resultat frå konkurransane:

Normalprogram

Sprint