Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Bedriftscup 13mars

Standplass, bedriftscup, 23feb 2015

Bedriftsupen som vi arrangerte i februar vart godt motteken, tilbakemeldingane var at vi skulle arrangere ei runde til. Fredag 13 mars prøvar vi på ny etter same mal som sist, det einaste som vi endrar på er at ein kan ha maks 1 skyttar på laget som skyt aktivt. Intensjonen er å få med skyttarar som ikkje er aktive, med maks 1 aktiv på kvart lag vil truleg resultata verte jamnare. Påmelding til [email protected] innan onsdag 11.mars kl.18.00, etter trekning av første runde vil vi sende ut tidskjema for innleiande runde. Finalen blir ikkje skoten som cup, dei 4 laga som går til finalen skyt samla og resultata avgjer rekkefølgja. Dette for å korte ned tida på arrangementet. I staden avsluttar vi med kake, pizza og premieutdeling . Legg ved innbydinga som var til første kvelden, obs! på dato som denne gang er 13 mars.