Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Fjordane Skyttarlag

Bakgrunnsmotivet i logoen er Trollakyrkja, eit karakteristisk fjell i Vetlefjorden.

Fjordane skyttarlag vart oppretta i 2010, og er ei samanslåing av dei tidlegare skyttarlaga Vetlefjorden og Sværefjorden.

Laget er i stadig vekst med omtrent 100 medlem, der dei aller fleste er jegarar. Det er organisert treningsaktivitet innandørs i vinterhalvåret, medan me samarbeider om treningsaktiviteten utandørs, samt jaktprøver, ilag med Balestrand- og Nesse skyttarlag.

Fjordane skyttarlag har eit nytt elektronisk anlegg for innandørsskyting i kjellaren i Vetlefjorden Grendahus. Det er montert 5 elektroniske skiver med heis. Her er romslege fasilitetar, og gode parkeringstilhøve.

Utandørsbana vår er Esebotn skytebane, og er eit sameige av Balestrand-, Nesse- og Fjordane Skyttarlag. Alle laga har representantar i eit eige banestyre.

Esebotn skytebane er stadig i utvikling. Det vart nyleg investert i nytt kulefang og elektroniske skiver på 100m. Her er det plass til maksimalt 8 skiver, medan det kan plasserast 12 skiver på 200m.

Det nye skyttarhuset stod ferdig i 2006, og rommar kontor, opphaldsrom, kjøkken og toalettfasilitetar. Lokalet er mogeleg å leige ut.

 

Balestrand jeger og fiskelag har bygt leirduebane i samband med skytebana i Esebotn, slik at no er etablert eit komplett tilbod for skyttarar og jegarar.

 

 

Fjordane

Kontaktinformasjon

Leder skytterlaget
Svein Bjarnar Nesse
Skytterlagets adresse
v/ Svein Bjarnar Nesse
Torsnes 4
6899 BALESTRAND
Mobil
911 33 048
Bankkonto (drift)
38052002807
Org. nr
995986396
Innmelding
Bli medlem